2019-06-20-4f4335237c69c7ae5bc470d025c903db3f77d337 Åtte kubikkmeter eller tilsvarande 8000 liter reiskap vart teke opp av sjøen under denne kontrollen. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

Mange beslag etter kontroll på Sunnmøre

Både krabbe-, hummar- og leppefiskteiner vart inndregne då Fiskeridirektoratet hadde kontroll i området ved Ellingsøy, Valderøy, Giske, Godøy og Lepsøy.

– I alt tok vi opp 8000 liter fiskereiskap frå sjøen. Vi tok beslag i 27 teiner av ulik fasong og størrelse, som ikkje var merkte eller ikkje hadde lovleg fluktopning. I tillegg tok vi to lenkjer med til saman 20 leppefiskteiner. Fisket etter leppefisk startar ikkje før 31. juli i dette området, fortel førsteinspektør ved Fiskeridirektoratets sjøteneste Trond Bakken.
 
Åtte sekkar på 1000 litar kvar på få dagar 
Om bord i patruljebåten «Rind» pakka dei på tre-fire dagar åtte sekkar med teiner, blåser og tauverk, som vart teke opp av sjøen. Kvar sekk rommar 1000 liter, så i alt vart det samla inn åtte kubikkmeter.
 
– Noko av det vi tok opp har stått lenge i sjøen. Desse reiskapane driv det vi kallar «spøkelsesfiske». Det vil seie at dei står og fiskar utan tilsyn eller røkting. Fisk og krabbe går inn i reiskapen, kjem seg ikkje utatt, døyr og blir agn til ny fisk og krabbe som går inn i teina, og slik held det på til reiskapen anten rotnar eller blir funnen og teken opp, seier Bakken.
 
Godt samarbeid med regionane
29 beslag vart melde til politiet. 13 av desse beslaga hadde kjent gjerningsperson, mens 16 hadde ukjent gjerningsperson. I tillegg vart det gjeve 30 skriftlege åtvaringar. I alt vart det kontrollert om lag 200 teiner.
 
– Med oss på kontrollane hadde vi Mari Lillebø og Lars Emblem, som begge er inspektørar i Fiskeridirektoratet region Midt. Sjøtenesten har eit godt samarbeid med regionane, og dei har viktig lokalkunnskap som vi treng. Vi samarbeider også med andre kontrollorgan, som politi, Statens naturoppsyn, Kystvakt med fleire, fortel Bakken
 
Får skryt for arbeidet
Hugs at du skal merke fiskereiskapen du set i sjøen og at teiner har fluktopningar og rømmingshol. Du må også røkte reiskap som står i sjøen. Dersom du mister reiskap – meld frå. Som fritidsfiskar kan du bruke vår gratis app til dette. Er du yrkesfiskar skal du melde tapet til Kystvaktsentralen.
 

– Vi opplever at lokalbefolkninga er opptekne av det arbeidet vi gjer. Vi låg til kai i Ålesund kvar natt under kontrollen, og trass i stank frå rotnande teiner kom folk bortom og gav oss ros for arbeidet vi gjer, seier Bakken.