TIPS OSS
  • NYHETER
  • BÅTNYHETER
  • BÅTGUIDE
  • NAVIGASJON
  • SJØVETT
  • BÅTUTSTYR
  • BÅTMESSER
HAVNERTOPP 10 HAVNER
  • Nyheter
  • Båter
  • Navigasjon
  • Sjøvett
  • Båtmesser
  • Havner
  • Topp 10 Havner

NYHETER

  • Forside
  • Navigasjon
  • Båtutstyr
  • Sjøvett
  • Båtmesser

HAVNER

  • Topp 10 Havner
  • Havner på Vestlandet
  • Havner i Rogaland

ANNET

  • Tips oss
  • Annonsere hos oss?

KONTAKT OSS

Mindeveien 16, 5073 Bergen

TELEFON

+48 402 46 012

E-POST

post@baatsans.no

FÆRRE OMKOM I FRITIDSBÅTULYKKER I FJOR!

02/03/2017
Frank Kalstad
Sjøvett

Del:

Tweet

Sjøfartsdirektoratet har registrert at 27 personar omkom i fritidsbåtulykker i 2016. Samanlikna med 2015 er dette ein nedgang på 10 dødsfall.

Ein må tilbake til 2007 før ein finn eit nivå som er lågare. Samstundes med at færre omkome frå fritidsbåt, redda Redningsselskapet 45 menneskeliv i 2016. 15 fleire enn i 2015.

-Det er positivt at tala går nedover, og me håpar at denne trenden vil fortsette. Me ønsker at folk skal kose seg og samstundes ta vare på seg sjølv og vise omsyn til andre som ferdes på sjøen, seier Sjøfartsdirektør Olav Akselsen, i en felles pressemelding fra Sjøfartsdirektoratet og Redningsselskapet.

Redningsselskapet får meir å gjere
Redningsselskapet erfarer at talet på oppdrag, assistansar, søk og redda liv aukar. Større arbeidsmengde for Redningsselskapet samsvarar med at talet på fritidsbåtar aukar og generell trafikkvekst på sjøen.

– Vårt inntrykk er at stadig fleire brukar sjøen. I den samanhengen er det gledeleg at talet på omkomne har gått ned. Samstundes ser vi at aktivitetsauke på sjøen gjer oss meir å gjere. Difor er det viktig at vi styrkar vår livreddande innsats og driv førebyggjande arbeid slik at visjonen vår om at ingen skal drukne om nokre år kan verte ein realitet, seier kommunikasjonssjef Frode Pedersen i Redningsselskapet.

Vest kunna ha redda fleire
Fleire av dei omkomne kunne truleg ha berga livet om dei hadde brukt flyteutstyr. På tross av påbodet om flyteutstyr om bord på båtar under 8 meter som er i fart, er det framleis mange som ikkje bruker vest, og av dei 27 som mista livet i fjor var det berre ti som hadde på seg flyteutstyr.

-Sjøfartsdirektoratet vil fortsetja arbeide med førebyggjande og haldningsskapande arbeid for å påverke dei fritidsbåtbrukarar som ikkje brukar vest til å setje tryggleik først når dei er på sjøen. Dei gode haldningane til fritidsbåtfolket er utruleg viktige for å redda fleire liv, seier Akselsen.

Menn i 50 åra toppar statistikken som før
Det er få kvinner som mister livet ved bruk av fritidsbåtar, samanlikna med menn. I 2016 omkom 26 menn og ei kvinne, og data frå dei seinaste 10 åra viser at om lag 94% av dei som mister livet er menn. Den gjennomsnittlege alderen på dei omkomne var 56 år, som er noko høgare enn i fjor.

Det er hovudsakleg nordmenn som mistar livet, men som tidegare år ser ein også fleire dødsulykker blant utanlandske statsborgarar. Som i 2015 var det 5 av dei som omkom i 2016 som var av utanlandsk nasjonalitet.

Nær halvparten av dødsfalla i fjor skjedde i tronge farvatn langs kysten medan om lag 26 prosent skjedde på ein innsjø, og det er opne motorbåtar som er involvert i flest ulykker.

Relaterte saker

Vi unner oss et blikk på Tankoas helt nye superyacht T560 Apache

4 timer siden
Båtnyheter
Italiensk design på sitt beste gjelder for den helt nye modellen som skal bli en del av flåten til det italienske boutique-verftet Tankoa. De har startet byggingen av en 56…
Read More

Verdenspremiere på Nordkapp Coupé 830

1 dag siden
Båtnyheter
Nordkapp presenterer stolt sin nyeste båtmodell i dag, Coupe 830 med sitt skandinavisk design, solide skrog og et styrhus som beskyttelse mot naturkreftene Med sjelen til en ekte eventyrer, inviterer…
Read More

Ripple Boats fikk god mottakelse i Cannes

2 dager siden
Båtnyheter
Ripple Boats melder at over 50 mulige interesserte kjøpere har meldt seg, og selskapet mottok sin første forhåndsbestilling Med rekkevidde-fremmende teknologi fra Pascal Technologies, og et pålitelig og høy-kvalitets produksjonsledd…
Read More

Overrasker med egen salgsmesse for båt og caravan på Lillestrøm

2 dager siden
Nyheter
Dagen etter at Norboat relanserer «Sjøen for Alle», kommer NOVA Spektrum ut og lanserer at de ønsker å arrangere «Båt & Caravan» med planlagt gjennomføring på samme dato – 29.…
Read More
Se flere nyheter
           

All informasjon som er publisert på dette nettstedet antas å være korrekt, men kan ikke garanteres.

NYTTIGE LINKER

  • Topp 10 Havner
  • Vestkystparken
  • Sjøfartsdir & Skipsregistrene
  • Blåskjellvarsel
  • Den Norsk Los
  • Båt app

KONTAKT OSS

Telefon

+47 402 46 012

E-post

post@baatsans.no

RSS

RSS-feed

FØLG OSS

Facebook

Annonser
Annonsere hos oss?

Utviklet av Mediehuset Bergen | Alle rettigheter © 2020