TIPS OSS
  • NYHETER
  • BÅTNYHETER
  • BÅTGUIDE
  • NAVIGASJON
  • SJØVETT
  • BÅTUTSTYR
  • BÅTMESSER
HAVNERTOPP 10 HAVNER
  • Nyheter
  • Båter
  • Navigasjon
  • Sjøvett
  • Båtmesser
  • Havner
  • Topp 10 Havner

NYHETER

  • Forside
  • Navigasjon
  • Båtutstyr
  • Sjøvett
  • Båtmesser

HAVNER

  • Topp 10 Havner
  • Havner på Vestlandet
  • Havner i Rogaland

ANNET

  • Tips oss
  • Annonsere hos oss?

KONTAKT OSS

Mindeveien 16, 5073 Bergen

TELEFON

+48 402 46 012

E-POST

post@baatsans.no

  • I 2020 har ingen kvinner mistet livet i fritidsbåtulykker (illubilde)

Foto: Lise S Kalstad

Færre omkomne frå fritidsbåt i 2020

01/11/2021
Lise Kalstad
Nyheter, Sjøvett

Del:

Tweet
I 2020 omkom 20 personar frå fritidsbåt. Dette er ein nedgang trass ein særs travel båtsommar. Snittet dei siste 10 åra har vore 29 personar i året. Manglande bruk av flyteustyr og promille er faktorar i mange av ulykkene.

– Det at 20 personar har mista livet er tragisk, seier fungerande Sjøfartsdirektør Lars Alvestad. – Me må likevel kunne seie at me er gledeleg overraska over at tala ikkje er høgare, spesielt med tanke på at me har lagt ein særs aktiv båtsommar bak oss. Me håpar at denne utviklinga viser ei trend. Målet er at ingen skal mista livet ved bruk av fritidsbåt, seier han i dagens pressemelding fra Sjøfartsdirektoratet.

Manglande flytevest og promille
Menn har toppa statistikken i fleire år, og i år var alle dei 20 omkomne menn. 80 prosent var over 41 år og snittalderen var 59 år. 17 personar omkom ved fall til sjø. Heile 65 prosent av dei omkomne brukte ikkje flyteutstyr, noko som nok kunne ha berga fleire.

10 av dei 20 omkomne hadde promille over grensa for å føre fritidsbåt, som er 0,8. Fem av desse var førar av båten og hadde promille over 1,1. Alle dødsulykkene som involverte alkohol eller rus skjedde i helger, altså mellom fredag ettermiddag og søndag kveld. Når ein har promille blir kroppen raskare nedkjølt om ein hamnar i vatnet. Ein blir dårlegare til å berge seg sjølv og andre, og har lettare for å mista medvitet. Kombinert med manglande flytevest er dette ei oppskrift på tragisk utfall.

– Dette syner at det haldingsskapande arbeidet er viktig, også i tida framover. For sjølv om dei fleste båtbrukarane no har stort fokus på tryggleik for seg sjølv og passasjerane, så er det diverre framleis dei som gløymer enkle tryggingstiltak som å halde seg edru og bruke flytevest, seier Alvestad.

Tryggleik ved kai
5 personer omkom medan båten låg til kai, til dømes i samband med fortøying eller når dei gjekk til eller frå båten. Dette utgjer heile 25 prosent av dei omkomne og viser at det er viktig å iverksetje tryggleikstiltak i hamneområder. Slike tiltak kan vere montering av stigar med god merking, lys, sklisikring og liknande. To av dei som mista livet ved kai var påverka av alkohol/rus.

Høg fart og løpske båtar
I tre av ulykkene var det registrert høg fart. Alle dei tre omkomne førarane var påverka av alkohol/rus. To av desse omkom av høgintensitetsskade, som skjedde etter grunnstøyting på nattestid. Tidlegare år har ein sett det same, der ruspåverka førarar køyrer i land i høg fart i mørke. I den siste ulykka med høg fart, kjørte båten vidare etter at førar fall over bord.

To andre alkohol-/ ruspåverka båtførarar som var aleine i båten, fall også over bord, medan båten heldt fram utan førar. Bruk av dødmannsknapp kunne ha stoppa båten.

Ingen omkomne turistar
Spesielt i år er at ein ikkje har hatt nokon omkomne turistar som har leigt båt i Noreg. Snittet for dette har vore på 4 personar årleg dei siste 9 åra før 2020. Grunnen til nedgangen er truleg at det har vore mindre utleige av båt under koronapandemien.

Ulykker i ferskvatn
3 omkom i elv og 2 i innsjø i fjor. Dette viser at ein må tenkje sjøvett sjølv om ein ikkje skal langt til havs. Kunnskap kombinert med gode haldningar kunne nok ha hindra alvorleg utfall i enkelte av ulykkene. Sjøfartsdirektoratet tilrår alle å ta båtførarprøva, og vinteren er ei fin tid å få dette gjort. Pensumet gir grunnleggjande teoretisk kompetanse som gjer sjøen tryggare både for deg sjølv og andre.

Relaterte saker

Lag tydelige avtaler med de som skal låne båten din

3 dager siden
Nyheter
Hvis du har tenkt å låne bort båten din, er det viktig å være klar over at dersom det oppstår skader eller uhell, er det ikke sikkert disse er dekket…
Read More

Kystverket lanserer Ohoi – en ny tjeneste for fritidsbåter

4 dager siden
Navigasjon
Kystverket har samlet nyttig informasjon til alle som skal ut med båt i sommer – på ett sted. – Her finner båtfolket viktig informasjon for å ta gode beslutninger til…
Read More

Mektig besøk på fjorden og restriksjoner mens fartøyet ligger i Oslo

5 dager siden
Nyheter
Onsdag seilte verdens største krigsskip, USS «Gerald R. Ford», inn Oslofjorden for å besøke Oslo. Det er opprettet restriksjonsområde rundt fartøyet og ved mottaksområdet. Restriksjoner mens fartøyet ligger i Oslo…
Read More

Evoy leverer expeditionsbåt med eldrift till Hurtigruten

6 dager siden
Båtnyheter
I starten av mai annonserte EVOY deres samarbeid med den norske reiseoperatøren Hurtigruten Expeditions, for å utvikle selskapets første elektriske «skip til land» og ekspedisjons-tenderbåter. Tenderen er spesialbygget for Hurtigrutens…
Read More
Se flere nyheter
           

All informasjon som er publisert på dette nettstedet antas å være korrekt, men kan ikke garanteres.

NYTTIGE LINKER

  • Topp 10 Havner
  • Vestkystparken
  • Sjøfartsdir & Skipsregistrene
  • Blåskjellvarsel
  • Den Norsk Los
  • Båt app

KONTAKT OSS

Telefon

+47 402 46 012

E-post

post@baatsans.no

RSS

RSS-feed

FØLG OSS

Facebook

Annonser
Annonsere hos oss?

Utviklet av Mediehuset Bergen | Alle rettigheter © 2020