Vi kjenner han som han med ”gassmasken” i gruppen, at han er et friluftsmenneske og ivrig seiler er det færre som vet. Les mer hvorfor Helge Risa trives så godt på sjøen.
Når ble interessen for båt vekket i deg?
– Eg har vokst opp ved sjøen og padla i isoporkassar, kano og kajakk! I tilegg har eg har rodd i trerobåt sidan eg var 5-6 år. Elska å vere på sjøen og ro ut i store bøljer.
I dag har du seilbåt, hvilken og hvorfor falt valget på den?
– Eg har Bavaria cruiser 32, 2011 mod. Eg fekk lyst å prøve ny båt, denne skulle segle ganske bra, den var fornuftig prisa, hadde stor badeplattform og god plass inni.
Hvilke type båter har du hatt oppover?
– Hadde sørlandssnekke i lag med far min, kjøpte min første seglbåt i studietida i 1998, ein Nordisk Folkebåt i tre. Så ein skibsplast 17 fot på hengar for eg mista båtplassen. Etter to år fekk eg Møre 30 seglbåt, så ein First 30E og no Bavaria 32.
Drømmer du om større (3fots syken), eller er du fornøyd med den du har?
– Er fornøgd, men må kanskje ha tre lugarar når dei tre ungane mine blir for lang til å ligge på tvers i akterlugaren. Har prøvd ein Dehler 38 og likte den veldig godt, men prøver å vere fornuftig å beholde det eg har.
Hvor mye er du på sjøen?
– Har vore mykje på sjøen på dagtid i kvardagar heile året når vi hadde fri mellom turneane. Prøvde også å få skvist inn 4-5 helgeturar, vår og haust. I sommerferien hadde vi 2-3 veker i lag med familien. Men turane om sommaren har alltid blitt oppstykka av festivalar kvar helg.
Hvor liker du best å gå? Nordover eller sørover?
– Liker best å gå nordover i Ryfylke eller til Bergen for har ikkje hatt så lang samanhengande ferie til å komme til Sørlandet eller lenger øst.
Har du en favoritt havn?
– Det er uthavner som gjeld. Ein skal helst ikkje sjå eit einaste hus. Liker meg godt i Rossøysundet på Fogn eller i lagunane på nord Talje.
Seiler du mest eller går du for motor?
– Eg segler 90 % av tida trur eg. Har kjøpt high performance cruising segl og genaker som gjer det mykje kjekkare å segle og krysse. Liker å segle til og frå havn dersom forholda ikkje er for vanskelige.
Har du hatt noen spesielt tøffe opplevelser på sjøen?
– Eine strekkfisken til toppsidevantet på den Nordiske folkebåten løsna i sørlig kuling ut karmøysundet. Å klatre opp i masta for å prøve å feste den, mens kona låg og tviholdt i roret, var ikkje det kjekkeste eg har gjort.
Eller spesielt flotte opplevelser?
– Når ein ligg og cruser i 2 knop med genaker med sola i ryggen og ungane i tau uti sjøen etter båten, då er livet fint syns eg. Å kjenne at båten surfer på bøljer og passerer 10 knop, eller sitte åleine i båten framme ved masta med roret skrudd fast og båten går fint på kryss av seg sjølv mot vinden.
Mat og drikke ombord? Lett eller egenprodusert gourmet?
– Det blir til tider ein del boks og posemat, men prøver å lage litt meir avanserte ting med grønsaker, mange ingrediensar og gratinering innimellom. Har også baka pepperkaker i båten første jula den var ny.
Er sang og musikk en del av båtlivet?
– Høyrer av og til på radio og musikk på kvelden når vi sit inne i salongen. Vi syng ein del på båten, mest ungane då. Skulle hatt trekkspelet med meg, men det tåler ikkje fukt så bra.
Båtvenner eller ensomhet og fred?
– Likar best å ha med båtvenner men det er ikkje så ofte det har klaffar med tidspunkt, så vi har vore mykje åleine i uthavner rundt omkring. Skulle gjerne hatt mange fleire båtvenner med seglbåt og ungar mellom 6-11 år som liker uthavner. Så bare meld dersom interesse.
Uthavn eller betjent gjestehavn?
– Helst bare uthavner. Det er det som er fint. Å sleppe alt som har med hus og bilar å gjere. Å kunne nyte Guds frie natur.
Bruker du båten hele året?
Ja, men vinterstid mest på dagtid , utan familien.
Er familien like glad i å være i båt som deg?
– Dei er glad i å vere i båt når ikkje det er kuling og regn i dagesvis. Men det er jo eg som klart liker segllivet best.
Er det noe du ønsker å formidle om båtlivets gleder?
– Viss du lurer på valget mellom hytte ved sjøen eller overnattingsbåt, så tenk på alle dei fantastiske plassane ein kan ligge og få variasjon når ein blir lei av den plassen ein er på. Det er mykje kjekkare å vere på sjøen i seglbåt enn motorbåt så lenge du ikkje har dårlig tid frå A til B.
Nå som bandet har roet litt ned, hva med en jordomseiling.. hadde det vært noe?
– Eg har byrja å jobbe som tømmermann, men har jo tenkt tanken på lenger segltur. Trur eg først vil segle langs heile norskekysten før eg evt reiser ut i verda. Meir glad i å segle mellom holmar og skjer enn ute på havet.
Tips?
– Oppgrader heller segl enn motor og få meir glede av seglinga, særleg på kryss. Ta ungane med tidlig og gjer ting i lag med dei. La dei få henge i sele i masta og kjøp heller ein liten seiljolle til dei enn ein gummibåt med motor, avslutter Helge Risa.
Båtsans takker Flemming Brun Henriksen, hos Lunde båt Vest, for at ha gjorde dette intervjuet mulig.