Boktips til lesestoff før båtsesongen setter inn, eller en bok å ha med på båtturen i sommer; I den nye boken Ro skriver Sigri Sansberg om roturen hun foretok hjem i en gammel trebåt, inn Sognefjorden som er verdens lengste farbare fjord.
Eventyrer og forfattar Sigri Sandberg er en travel tobarnsmor. Hun bor tre ulike steder og er mye på farten. Midt i koronakaoset får hun urovekkende meldinger: sjukdom og død, venner som har det vanskeleg, og skakande rapportar om korleis det står til med kloten.
Sandberg lengtar etter ro. Kan det hjelpe å ro? Sigri Sandberg bestemmer seg for å ro Sognefjorden, dei over 20 mila i verdas lengste farbare fjord, i ein gamal trebåt. Ho startar ytst i havet, i Gulen, der ho budde som lita, og ror mot Luster, der mannen hennar bur no. Undervegs fortel ho om kvardagen då fjorden var riksvegen, om Henrik Wergeland som sigla der i ein storm i 1832, og om den mest omtala ubåtjakta i norske farvatn nokosinne. Ho fortel om natur og vind og straumar og livet under vatn, og om folk og dyr ho møter. Det blir bølgjer og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading.
Men er ho sterk nok, klarer ho å ro heile fjorden, finn ho ro?
Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 20 år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive ti bøker – om natur, friluftsliv, klima og polare strok. Sandberg voks opp i Gulen og Bergen og er busett i Oslo og på ein veglaus eplegard ved Sognefjorden.
Lansering 18. mai: https://www.facebook.com/event…