TIPS OSS
  • NYHETER
  • BÅTNYHETER
  • BÅTGUIDE
  • NAVIGASJON
  • SJØVETT
  • BÅTUTSTYR
  • BÅTMESSER
HAVNERTOPP 10 HAVNER
  • Nyheter
  • Båter
  • Navigasjon
  • Sjøvett
  • Båtmesser
  • Havner
  • Topp 10 Havner

NYHETER

  • Forside
  • Navigasjon
  • Båtutstyr
  • Sjøvett
  • Båtmesser

HAVNER

  • Topp 10 Havner
  • Havner på Vestlandet
  • Havner i Rogaland

ANNET

  • Tips oss
  • Annonsere hos oss?

KONTAKT OSS

Mindeveien 16, 5073 Bergen

TELEFON

+48 402 46 012

E-POST

post@baatsans.no

NYE MILJØKRAV I VERDSARVFJORDANE

03/01/2019
Frank Kalstad
Sjøvett

Del:

Tweet

Frå 1. mars gjeld nye miljøkrav for utslepp av utslepp til luft, kloakk og gråvatn i verdsarvfjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden.

Krava er utarbeidd av Sjøfartsdirektoratet på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.

– Regjeringa ønskjer å redusera utsleppa frå cruiseskip og annan skipsfart. Det at dei nye krava no trer i kraft, er eit viktig steg i rett retning for miljøet, og ikkje minst for dei lokale tilhøva i verdsarvfjordane, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Gjennom miljøkartleggingar dei siste par åra er det avdekt store utslepp frå skip i verdsarvfjordane, særskild i sommarsesongen. Sjøfartsdirektoratet har difor, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, fastsett nye miljøkrav for å redusera utsleppa. I dette arbeidet har både nasjonale og internasjonale reiarar og lokale styresmakter vore involverte. Regelverket har i tillegg vore på brei høyring for å sikra at så mange som mogleg har fått ytra seg om dei nye krava før dei vart endelege.

Dei nye reglane medfører ein reduksjon av utsleppa av kloakk og gråvatn frå skip. Vidare blir det gradvis strengare krav til utslepp av NOx og strengare regulering av bruk av eksosvaskesystem. Det kjem også krav om ein miljøinstruks for kvart enkelt skip og forbod mot forbrenning av avfall om bord. Utslepp av svovel skal følgja internasjonale krav i alle verdsarvfjordane. For skip som er verna eller freda av Riksantikvaren, er det høve til å søkje om dispensasjon frå enkelte føresegner.

– Dei nye krava baserer seg på internasjonale krav som er godt kjente innan cruisenæringa, seier avdelingsdirektør Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet. Det spesielle er at me gjer krava gjeldande for skip uavhengig av når dei er bygde.

I 2005 vart Vestnorsk fjordlandskap* skrive inn på Unescos si verdsarvliste. Fjordområda rundt Geirangerfjorden og Nærøyfjorden ligg 120 kilometer frå kvarandre og er, geologisk sett, døme på klassiske fjordlandskap. Dei syner korleis landskapet har utvikla seg frå den siste istida fram til no. Noreg har forplikta seg til å sikra at verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap ikkje vert utsett for skade eller påverknad som trugar dei framståande universelle verdiane som gav dei plass på verdsarvlista. Verdsarvområda skal ha høg status i Noreg.

Ein ventar at dei nye krava vil føra til ein reduksjon av utsleppa allereie frå sommaren 2019. I åra som følgjer, vert krava gradvis strengare, og ein ventar at utsleppa minkar endå meir.

Sjøfartsdirektoratet kjem til å følgja opp krava gjennom utsleppsmålingar og inspeksjonar om bord på fartøya. Samstundes startar direktoratet no opp eit arbeid for å vurdera liknande tiltak mot utslepp frå skip andre stadar i Noreg.

* Vestnorsk fjordlandskap består av dei fem fjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden.

Relaterte saker

Nye satsninger hos Bergen Marine

1 time siden
Båtnyheter, Båtutstyr
Norges største båtforhandler satser videre på flere felt, og har nylig åpnet topp moderne verksedshall for plastskade reparasjoner. Bergen Marine planlegger å ta mer tak i bruktbåtmarkedet, spesielt på nyere…
Read More

Helly Hansen lanserer den nye fullt utstyrte Newport Coastal Jacket med retroinspirert design

1 dag siden
Båtutstyr
Helly Hansen har sine røtter i seiling, og fortsetter våren/sommeren 2023 å utvide seilkolleksjonen med den nye Newport Coastal Jacket, en fullt utstyrt seilerjakke med et color-block-design inspirert av den…
Read More

Ga nytt støttefartøy til Redningsselskapet

4 dager siden
Sjøvett
Fredag ble Redningsselskapets nyeste fartøy, «Inger Johanne», døpt i Svolvær. Giveren hadde en helt spesiell betingelse da han ga båten. Blant fiskeskøyter og til full jubel ble fredag støttefartøyet «Inger…
Read More

STARTSKUDDET GÅR I DOLVIKEN

6 dager siden
Nyheter
Et sikkert vårtegn er når Princess Yachts Norway sammen med Sandven AS, Knop Marine og Bilskadesenteret samles i Dolviken for å vise frem båter, biler og vannscootere. I Pinsessegården har…
Read More
Se flere nyheter
           

All informasjon som er publisert på dette nettstedet antas å være korrekt, men kan ikke garanteres.

NYTTIGE LINKER

  • Topp 10 Havner
  • Vestkystparken
  • Sjøfartsdir & Skipsregistrene
  • Blåskjellvarsel
  • Den Norsk Los
  • Båt app

KONTAKT OSS

Telefon

+47 402 46 012

E-post

post@baatsans.no

RSS

RSS-feed

FØLG OSS

Facebook

Annonser
Annonsere hos oss?

Utviklet av Mediehuset Bergen | Alle rettigheter © 2020