TIPS OSS
  • NYHETER
  • BÅTNYHETER
  • BÅTGUIDE
  • NAVIGASJON
  • SJØVETT
  • BÅTUTSTYR
  • BÅTMESSER
HAVNERTOPP 10 HAVNER
  • Nyheter
  • Båter
  • Navigasjon
  • Sjøvett
  • Båtmesser
  • Havner
  • Topp 10 Havner

NYHETER

  • Forside
  • Navigasjon
  • Båtutstyr
  • Sjøvett
  • Båtmesser

HAVNER

  • Topp 10 Havner
  • Havner på Vestlandet
  • Havner i Rogaland

ANNET

  • Tips oss
  • Annonsere hos oss?

KONTAKT OSS

Mindeveien 16, 5073 Bergen

TELEFON

+48 402 46 012

E-POST

post@baatsans.no

OPPMODER ALLE TIL Å VISA AKTSEMD PÅ SJØEN

01/24/2018
Frank Kalstad
Sjøvett

Del:

Tweet

I 2017 registrerte Sjøfartsdirektoratet 29 dødsfall knytt til bruk av fritidsbåtar, noko som er ei auke på to frå 2016. Minst ti av dei omkomne (34 prosent) var alkoholpåverka då ulykka skjedde.

– Det er svært trist at talet på personar som mistar livet i fritidsbåtulykker ikkje går nedover, og vi oppmodar alle om å visa aktsemd på sjøen. Bruk flyteutsyr, hald ein fornuftig fart, og vent med ankerdrammen til båten er trygt fortøyd for natta. Sjansen for at det skal skje noko uønska er mykje større om båtføraren er påverka av alkohol, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen, i en pressemelding.

I seks av dødsfalla knytt til bruk av fritidsbåtar i 2017, er det uvisst om den forulykka var påverka av alkohol eller andre rusmiddel. I mange tilfelle er ikkje denne informasjonen tilgjengeleg, men 35 av totalt 155 som har mista livet i fritidsbåtulykker dei siste fem åra, står registrerte som påverka av alkohol då ulykka skjedde.

Flytevest kunne redda fleire
Fleire av dei som omkom i fritidsbåtulykker i fjor kunne truleg ha overlevd dersom dei nytta flyteutstyr. Sjøfartsdirektoratet har inntrykk av at stadig fleire har for vane å nytta flyteutstyr, men dessverre er det framleis nokon som vel å droppa vesten. Desse er overrepresenterte blant dei omkomne.

Av dei 29 som omkom i fjor, veit vi at 18 ikkje nytta flytevest. I tre av tilfella er den forulykka ikkje funnen, og det er difor uvisst om det blei nytta flyteutstyr. Åtte av dei omkomne nytta flytevest, men i fleire av desse ulykkene har ikkje vesten fungert som tiltenkt. Det er svært viktig at vesten passar brukaren, er godt festa, og at naudsynt vedlikehald av vesten er utført.

Godt vaksne menn er overrepresenterte
Som tidlegare år, er godt vaksne menn overrepresenterte på statistikken over omkomne i fritidsbåtulukker i 2017. Av dei omkomne var 25 menn, og snittalderen på dei forulykka var 56 år.

Sjølv om dei aller fleste som er omfatta av statistikken er nordmenn, ser vi også at ein del utlendingar mistar livet i norske fritidsbåtulykker. I fjor var sju av dei omkomne utanlandske statsborgarar.

Av dødsulykkene i fjor skjedde 13 ved bruk av opne motorbåtar, seks involverte lukka/delvis lukka motorbåtar, fire involverte joller og robåtar. Ei ulykke gjaldt kano, to gjaldt kajakk og dei tre siste omhandla andre fritidsfartøy.

Fire av dei 29 hendingane skjedde langs kai, medan tre skjedde i hamneområde.

Relaterte saker

SEADECK – Ny spennende hybridserie fra Azimut

19 timer siden
Båtnyheter
Seadeck-serien tilbyr det mest effektive skroget som noen gang er designet av Azimut, den introduserer et nytt konsept på markedet, en familiebåt for lengre opphold ombord med god plass og…
Read More

Båtlivet generelt gir helsebot

3 dager siden
Nyheter
Onsdag presenterte Kongelig Norsk Båtforbund Båtlivsundersøkelsen, den viser at fritidsbåt står sterkt i Norge. Vi har nådd den magiske grensen på over 1 million fritidsbåter i Norge, og verdien på…
Read More

Farsund er årets Båtkommune!

3 dager siden
Båtnyheter
En stolt ordfører og en unik Vekter tok imot den gjeve prisen som Norges beste båtkommune i Sjøfartsdirektoratet kantine, i forkant av Fritidsbåtkonferansen. Kysten har så mye historie og fantastiske…
Read More

Nye satsninger hos Bergen Marine

4 dager siden
Båtnyheter, Båtutstyr
Norges største båtforhandler satser videre på flere felt, og har nylig åpnet topp moderne verksedshall for plastskade reparasjoner. Bergen Marine planlegger å ta mer tak i bruktbåtmarkedet, spesielt på nyere…
Read More
Se flere nyheter
           

All informasjon som er publisert på dette nettstedet antas å være korrekt, men kan ikke garanteres.

NYTTIGE LINKER

  • Topp 10 Havner
  • Vestkystparken
  • Sjøfartsdir & Skipsregistrene
  • Blåskjellvarsel
  • Den Norsk Los
  • Båt app

KONTAKT OSS

Telefon

+47 402 46 012

E-post

post@baatsans.no

RSS

RSS-feed

FØLG OSS

Facebook

Annonser
Annonsere hos oss?

Utviklet av Mediehuset Bergen | Alle rettigheter © 2020