Sommertiden pleier å føre med seg økt aktivitet og bruk av fritidsbåter, og hos Møre og Romsdal politidistrikt vil de holde frem med forebyggende arbeid og gjennomføre kontroller på sjøen i sommar.
Politiet har ein viktig funksjon i å førebyggje alvorlege ulykker med fritidsbåtar, derfor vil båtane våre gjennomføre kontrollar i politidistriktet, heter det i en pressemelding fra Møre og Romsdal politidistrikt. I kontrollane legg vi særskild vekt på bruk av redningsvest, promille/rus, fart og aktlaus køyring. Politiet vil også kontrollere om båtførarar har kompetansebevis/båtførarbevis.
2023 er venta å bli å bli eit år med stor aktivitet på sjøen, mange vil i løpet av sommaren nytte fritidsbåt, anten som førar eller passasjer. Derfor skal politiet halde fram med å fremme god ferdsel og åtferd til sjøs også i år, seier seksjonsleiar operative fag, Leif E. Bergem-Ohr som også er leiar for politiet si sjøteneste.
Gode samarbeid
– Politidistriktet verdset det gode samarbeidet vi har med blant anna Kystvakta, Statens naturoppsyn og uavhengige organisasjonar som arbeider for auka tryggleik på sjøen. I enkelte kontrollar vil det bli delt ut materiell frå «Klar for Sjøen-kampanjen», legg Leif E. Bergem-Ohr til.
Vidare oppmodar han alle til å laste ned appen «Båtfart» frå kystverket. Appen viser avmerkte sonar med fartsavgrensingar, aktuell hastigheit, og har en kartfunksjon. Alle er nyttige funksjonar for å ferdast tryggare til sjøs.
Viktigheita av tryggleik
Redningsselskapet sin statistikk for Møre og Romsdal viser tre drukningsulykker knytt til bruk av fritidsbåt så langt i år.
– Dette er tre for mange og understrekar viktigheita av tryggleik når ein ferdast til sjøs. Vi ønskjer alle ei flott og trygg sommar på sjøen og oppmodar alle til å ta omsyn og følgje dei reglane som gjeld, avsluttar Bergem-Ohr.